Ginger Summer Invitational
Winter edition

Velkommen til vestlandets råaste simulatorcupturnering 20. desember!

Sjå turneringsdetaljar
Ginger Summer Invitational – Julecup
Simulatorcup · Børdi golf 20. desember 2025 · kl. 16:00

GSI – Julecup

Format 2-manns scramble · cup
Stad Børdi Golf · Sjå kart
Plassar Maks 15 lag · 3 simulatorar

Etter ein sommar med full suksess tek vi no festen innandørs hos Børdi golf ⛳️

Om turneringa

Turneringa blir spelt som 2-manns scramble, der de spelar saman som lag på kvar einaste slag.

  • 2 spelarar per lag
  • Scramble-format – de slår frå beste ball kvar gong
  • Cupturnering på brutto slag – ingen får tildelte slag
  • Maks 15 lag, så her lønner det seg å vere tidleg ute
🏆

Premier
Det skal lønne seg å spele bra – og det skal vere moro å vere med.

• Premie til 1., 2. og 3. plass
• Ekstra konkurransar undervegs
• Trekkepremiar – alle lag har sjanse til å vinne noko

Tusen takk til sponsorer!

Sponsor 1 Børdi Golf

Sosialt

Dette er minst like mykje ein sosial dag som ein seriøs turnering.

  • Arrangementet kjem til å vare fleire timar frå start til slutt
  • Her er det lov å drikke og kose seg 🍻
  • Det blir tilbod om felles matbestilling (t.d. pizza)
📋

Turneringsoppsett

Turneringa er bygd opp som gruppespel + sluttspel, slik at alle får mykje speletid.

  • 3 grupper med 5 lag på kvar simulator
  • Scramble matchplay over 3 hol mot kvart av dei andre laga i gruppa
  • Poengsystem: 3 poeng for siger, 1 poeng for uavgjort, 0 poeng for tap
  • Vidare til sluttspel: 1.- og 2.-plass i kvar gruppe + dei to beste trearane

I sluttspelet spelar vi:

  • Kvartfinale, semifinale og bronsefinale: best av 3 hol
  • Finale: best av 5 hol

Kontakt

Har du spørsmål om turneringa eller påmelding?
Send oss gjerne ei melding på Instagram – vi svarar fortast der 👇

Følg oss på Instagram!

Sender påmeldinga...